Kva er Jorddøgn?

Jorddøgn: Ein jærsk litteraturfestival med jord og jordbruk som overordna tema.

«som ein oppstandelses-fanfare
med ekko frå hundre steingardar
og eit og anna hjarta»


(Åse-Marie Nesse)

Jorddøgn er jordbruket og naturen sin eigen litteraturfestival på Jæren. Kvart år vil me ta opp aktuelle problemstillingar knytt til jord, jordbruk og natur, og til å undersøkja språket menneska brukar om desse tema - både det litterære, kvardagslege og fagleg/politiske. 

Vårt mål er å skapa rom for nye måtar å tenka og snakka om desse problemstillingane på. Me meiner at det å finna ein berekraftig og ny grøn veg, utan at utviklinga kollapsar, er ei heilt avgjerande utfordring for vår tid.

Jorddøgn vil feira bonden og jorda, som grunnlaget for mykje av samfunnet vårt, for språk- og kulturuttrykka våre. 

Me ser på skjønnlitteraturen som eit sentralt kulturuttrykk som set ord på, og rommar kompleksiteten i dei spørsmåla folk til eikvar tid er opptekne av, både daglegdagse og eksistensielle. Me meiner at litteraturen, i kombinasjon med jordbruket, har eit oversett, men viktig bidrag å gje til samfunnsdebatten om forhold som er grunnleggjande viktige for vår eksistens: matproduksjon, jord- og naturvern, næringsliv og samfunnberedskap.


Me ønskjer å nå ut til både bønder og byfolk, både på Jæren og elles i landet.

Litteraturfestivalen vår skal vera ein stad for meiningsutveksling og kunstuttrykk, men også gje høve til å stoppa opp og tenkja over kor me kjem ifrå og kor me er på veg. 

Som Arne Garborg, bondeguten som sa ifrå seg odelen for å bli forfattar, skreiv då han på sine eldre dagar kom til Knudaheio på somrane: «Heilt heim vinn eg ikkje, då eg ikkje lenger hev krafta til å leva på ærleg måte, d.e. av jorda». 

Bakover stammar me alle frå jordbrukssamfunna, og framover skal me alle bli til jord att. Det er på tide å leggja ned timeglaset og snakka om kva jord er, og kva me vil den skal bety for oss.


Festivalen blir driven av stiftinga Litteraturhuset på Jæren.

Bak konseptet står Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, Bjørn Hagerup Røken, Lillian Utne, Gudmund Edland, Inger Størseth Haarr og Peter Strassegger (festivalleiar).


Kjøp billett

Koble deg på Jorddøgn