Mannleg helt + kvinnfolkhjelp = Markens grøde

Kristine M. Stensland har lese meisterverket til Knut Hamsun. Sjølv om ho er langt frå idealkvinna hans, så er ho glad for å ha lese boka. For Markens grøde blir til hjerneføde.

Eit essay basert på innleiinga eg, Kristine M. Stensland, hadde under lesesirkelen til Jorddøgn, oktober 2023. Arrangementet fann stad rundt eit langbord i ein kjellar i eit hus frå 1850-talet på Jæren. Deltakarane strekte seg i alder frå studenten til pensjonisten, og nokon hadde reist heilt frå Egersund i sør og Stavanger i nord for å delta. Saman skapte litteraturen og menneska ein rik kveld.

---

Då Knut Hamsun begynte å skriva Markens grøde, som i ettertid blei kalla “jordbrukets evangelium”, budde han og familien på Hamarøy. Her ville Hamsun driva gardsbruk. Kona Marie Hamsun måtte dermed driva gardsbruk ho også, sjølv om ho eigentleg var skodespelar. Med fire barn kunne dei minna om Isak og Inger i boka, for også dei driv gard og får ein barneflokk på denne størrelsen. Men for Knut Hamsun ville det seg ikkje heilt på Hamarøy, og romanarbeidet gjekk i stå. Fyrst då dei fekk seg villa i Larvik, klarte han å fullføra romanen, som kom ut i 1917.  

Året etter at romanen kom ut, kjøpte dei seg eit større bruk utanfor Grimstad. Då Hamsun i 1920 fekk Nobelprisen i litteratur, brukte han delar av pengesummen på å restaurera garden. Men han blei nok ikkje heilt ein Isak no heller, sjølv om han investerte i jorda. Som type heldt forfattaren fram med å ha vel så mykje til felles med dei rastlause vandrarskikkelsane som går att i fleire av romanane hans. I “Markens grøde” finn ein også ein slik karakter i den mystiske Geissler, som på finurleg vis trekk i trådane for Isak og familien hans. Kanskje skulle den lesande og skrivande Hamsun ønska seg nærare den praktiske og jordnære Isak, for det med å vera skrivefør er ikkje ein positiv eigenskap i boka. Men no er det ein gong slik at Hamsun nok bidrog mest til jordbruket gjennom bruk av eigen penn, slik også Geissler bidrar best ved å gjera anna enn å sjølv driva jordbruk.

Heia heltane!

I 1917 herja den fyrste verdskrigen, og romanen blei også lesen som eit “fredens evangelium”. Som fyrstegongslesar venta eg meg i grunnen noko mørkt og tungt, for eg hadde høyrt rykte om både barnemord og harde kår. Men romanen var meir lettlesen og morosam enn eg trudde, og det er tydeleg at Hamsun her ikkje har latt seg inspirera særleg av den rå og brutale naturalismen.

For her går det faktisk bra med dei ein heiar på! Isak, som kjem inn i romanen aleine og bygger seg opp i audemarka, får seg både driftig kone og ein barneflokk med ein dugande odelson. Garden veks og veks, og sjølv om arbeidet er hardt, blir dei velsigna med, ja, marka si rike grøde. Mot slutten av romanen ser alle som er berarar av dei rette verdiane, ut til å ha funne plassen sin i livet, og der skal dei bli verande og tena jorda og etterkomarane.

At naboen Brede går konkurs, det gjer ikkje vondt hos lesaren. Han var jo ein lett og lat natur som gapa over for mykje, så sånn måtte det vel gå! Og at Aronsen, som på opportunistisk vis ville tena seg rik på å selja krimskrams til eit lite samfunn som brått fekk gruvepengar mellom hendene, til slutt måtte pakka saman, det er som det skal vera. Det blir litt som i eventyra, der ein ikkje kjenner nokon særleg symapti med Per og Pål når det går dei ille.  

På 1890-talet kritiserte Hamsun bruken av idealiserte karakterar i litteraturen. Sjølv ville han heller gje seg i kast med det umedvitne sjelslivet, og kroneksempelet her er det plaga sinnet til hovudpersonen i romanen Sult. Men i Markens grøde opererer han sjølv i stor grad med idealiserte karakterar med representativ funksjon, rett nok utan at dei blir flate og keisame av den grunn. Inger og Isak og gjengen er i høgste grad levande for lesaren.

Ved utdeling av Nobelprisen la ein på den tida vekt på om verket gjekk i idealistisk retning. Og det må ein vel kunna seia at denne boka gjer, for her er det eit hardt jordarbeid og eit nøysamt liv som blir premiert. Men som store romanar flest, er heller ikkje denne eintydig. Heldigvis!

Utanfor det vesle nybyggarsamfunnet som veks fram, finst byane. Om det så er den næraste namnlause byen, Bergen eller Trondheim, så har dei hovudsakleg negativ effekt på dei som blir verande der over tid. Både Inger, sonen Eleseus og nabojenta Barbro har lengre opphald i byen, og alle tre får impulsar der som trekker dei bort frå livet i marka. Mens Inger og Barbro til slutt finn tilbake til rollene dei skal ha på gardane, så blir Eleseus til slutt så forfengeleg at han pakkar seg ein koffert og tar med seg draumane til Amerika, finansiert av pengane til den godhjarta faren. Ja, Eleseus begynner endå til å gå med paraply! Men det veit han vel at er såpass tabu heime, at han skjuler det for faren.

Likevel hadde ikkje garden Sellanraa, som er heimen til Isak og Inger, vekse som han gjer utan byen. Isak er avhengig av å kunna reisa dit for å selja varer og skaffa seg det han treng for å utvikla bruket sitt vidare. Og nokon luditt er han ikkje, for ny jordbruksteknologi investerer han gjerne i.

Kanskje kan ein samanlikna dette med draumane enkelte har om å få seg eit småbruk og leva “off grid”, i omgjevnadar urørt av kapitalisme og grådigheit. Desse idealistane er likevel til ein viss grad avhengige av at samfunnet rundt dei fungerer, til dømes den dagen dei treng meir avansert helsehjelp enn heimedyrka urter.

Stødige mannfolk og komplisert kvinnfolkhjelp

Kjønnsrollene i boka er unekteleg konservative. Og så kan ein seia at sånn var det jo på den tida, og at ingen kan kritisera Hamsun for å vera like så konservativ som si eiga samtid. Men kvinnerørsla rørte på seg allereie då, som ein også får illustrert i ein av dei kvinnelege karakterane som faktisk har lese seg litt opp på emnet. Så ein kan vel seia at Hamsun hadde høve til å vera radikal om han ville, for tankane var i omløp rundt han, men han valte å halda seg til eit avgrensande syn på kva som er kvinna sin plass. For kvinnene i boka er underordna mannen. Dei skal finna plassen sin ved sida hans, som livspartnar, mor og utfyllande arbeidskraft.

Høgast av mennene ragar Isak. Namnebroren hans i Bibelen, son av patriarken Abraham, blei fødd av Sarah då ho sjølv trudde ho var for gamal til å få barn. Ja, ho lo då Gud sa til dei at dei skulle få ein son. Men Gud hadde lova å føra slekta vidare, og sonen til trellkvinna Hagar, Ismael, var tydelegvis ikkje det han hadde hatt i tankane.

Isak i Markens grøde dukkar opp i audemarka og skapar liv, mens Isak i Bibelen blei til i det i utgangspunktet aude morslivet til Sarah. Begge namnebrørne blir så opphav til fruktbare slekter og rik grøde.

Då Isak kjem inn i romanen, er har han fyrst berre “mannen”, før namnet hans etter nokon par sider blir nemnt. Han har arr i ansiktet og på hendene, så eit liv er levd før dette, men korleis det livet var, og kven han var, det får me aldri vita. Fortida hans er visst ikkje så viktig, så lenge han no tar på seg den heilage oppgåva det er å så korn og gå i takt med livet. Han er “en gjenoppstanden fra fortiden som peker framtiden ut”.

Isak er ein fåmælt type, som ikkje snakkar om kjensler. Dei han har, kjem til uttrykk på lågmælte og til tider rørande måtar som familien lærer seg å lesa. For glad i familien, det er han. Men om kjenslene er der, så lar han seg aldri vippa av pinnen av dei. Når Inger fjasar i veg med flørting, sytreff og dans, bekymrar han seg ikkje. Og når han blir sint på nokon, så teier han. Dette blir omtalt som “hans sjelsstyrke”.

I motsetting til Hamsun, er Isak heller ikkje ein lesande og skrivande mann. Kvifor vel Hamsun å idealisera dette? Her veit eg ikkje nok om Hamsun til å koma med fornuftige teoriar, og spørsmålet får bli hengande i lufta. I staden for boklærdom, har Isak ei folkeleg “hang til grubleri og overtro”.  Isak er så robust at han kan møta sjølvaste djevelen ute i naturen og gå uskadd frå hendinga. “Markboens liv øde og sørgelig? Ho! Minst av alt! Han hadde sine høyere makter, sine drømmer, sine forelskelser, sin rike overtro!”, skriv Hamsun. Også sonen Sivert, som skal overta garden, har ei overnaturleg oppleving i naturen. Dei lever i pakt med dei store livsmysteria, og jobbar i pakt med dei.

Mens Eleseus, han som forsvinn til Amerika, ja, han var også glad i skrift.  “Eleseus skulle ha vært markbo, men lærte å skrive bokstaver, er uten tiltak, uten dybde”.

Ein ikkje-lesande, praktisk, og emosjonelt stødig mann som jobbar hardt er dermed idealet. Ein annan karakter i boka, Aksel, når også høgt opp mot det ideelle. Han vil også jobba hardt for å bygga seg gard, men hos han går det noko treigare, sjølv om viljen er på plass. Det er fordi garden hans, Maaneland, lenge er utan den stabile “kvinnfolkahjelpa” som Isak tidleg sikrar seg i Inger. Heldigvis for Aksel, landar til slutt også Barbro der ho skal, på garden hans, med eit barn i magen. For at mennene skal lykkast i kallet sitt, treng dei nemleg at kvinnene på garden fyller rollene sine.

Då Inger kjem tilbake frå Trondheim, der ho har vore for å sona ei straff, er ho full av sjølvutviklande impulsar. Men desse blir framstilte som fjas som tar ho bort frå det ho eigentleg skal gjera. Ho fått seg fint ansikt, fint språk og fin kåpe, og ho har endå til endra syn på mannen!

Det går så langt at ho stel frå Isak. Sjølv om det ikkje står noko om det, vil eg tru at dette i dag ville ha blitt rekna også som hennar pengar, sidan det var pengar Isak hadde tent på garden der dei begge bidrog, men det er ein digresjon. For tjuveriet, som ho blir tatt på fersken i, blir eit vendepunkt for Inger. Etter dette jobbar ho ivrigare på garden att, og ho er blitt audmjuk. Ho “forsaker sine finheter” slik at ho igjen blir eitt med Isak som ikkje hadde forlatt “sin naturlige plass”.

Men ho Inger landar ikkje endeleg med dette. Då det blir sett i gang gruvedrift i fjella nær garden, blir ho fjollete forelska i ein yngre svenske. Desse kvinnfolka og alt dei styrer med! Fram og tilbake! Men skikkelege karar, som Isak og Aksel, dei er overberande når kvinnfolka rotar det til. Så lenge kvinnfolkhjelpa held seg på garden, er det godt nok for dei, ser det ut til. Aksel lar seg endå til ikkje affisera av at Barbro er gravid med eit barn som ikkje er hans, då ho endeleg finn vegen tilbake til han.

Inger kjem til slutt tilbake til forstanden, ho er “god til husbehov, god og dyktig av naturen”. På siste side står det “La gå, Inger har seilet på den store sjø og vært i byen, nu er hun hjemme igjen; verden er vid, den yrer av prikker, Inger har yret med.” Ei tilsvarande reise er Barbro gjennom. Begge gjev til slutt slepp på impulsane frå bylivet, og slår seg velvillig til ro saman med mennene i marka for vidare produksjon av grøde i ulike former.

I romanen møter ein også ein tragisk kvinnekarakter, gamle Oline. Ho har gjort ein god del rett, men så blei det feil likevel. Ho var nemleg “mange ganger mor og realiserte livet”, men av ukjente årsakar er ho utan ein mann. Og ein mann er i dette universet nøkkelen til å klara seg for ei kvinne. Så dermed blei ho “et portrett av ødeleggelsen”, som forsørger seg og sine små med ærlege og uærlege middel. Som eldre kvinne tener ho til livets opphald ved å fylla hola etter kvinnene som ikkje er der, altså når Inger og Barbro er på lengre opphald i byar. Så fort desse to gardskonene er på plass, er det ikkje lenger bruk for Oline, og ho døyr.

Klart det er fint med harmoniske parforhold der begge bidrar til å bygga familie og livsgrunnlag saman. Men gardane er bygde av mannen, og han legg premissane for kva arbeid som skal gjerast der. Han blir dermed den som definerer kvinna sitt handlingsrom om ho verkeleg skal finna den rette rolla i samfunnet.

Barnemorda

I forlenging av kjønnsrollene, er det også verdt å sjå nærare på barnemorda i boka. Dette var i tida før abort var eit reelt alternativ. Ville ein ikkje ha ungen, måtte ein bera han fram og ta livet av han etter fødsel. Og ja, det var like ulovleg som det høyrest ut.

Både Inger og Barbro gjer seg skuldige i barnemord. Begge to føder barna sine i skjul, og dermed blir ikkje mannen medskuldig i sjølve drapshandlinga. Korleis Inger klarer å skjula at ho er gravid, opptil fleire gongar, heilt til siste slutt, sånn at Isak drar uvitande til byen når ho skal føda, det klarer eg ikkje forstå. Anten er Isak frykteleg lite merksam, eller så held Inger veldig tett om kva som er på gang. Eit parforhold med open kommunikasjon, vitnar det i alle fall ikkje om. Ei heller høgfrekvente tilfelle av nakenheit.

Inger tar livet av eitt av barna sine fordi det er fødd med hareskår. Dette har ho sjølv, og det har gjort livet på bygda stridt for ho. Og så ille meiner ho visst at det er at det er betre for dottera å ikkje leva i det heile. Det ironiske er at Inger sjølv, under straffeopphaldet i Trondheim, får operert bort sit eige hareskår. Hadde ho visst kor langt legevitskapen var komen, kunne ho har spart livet til dottera. Men denne urbane vissa har ikkje nådd ut i rurale strøk der overtrua rår. Inger trur nemleg at hareskåret kom fordi ein same med ein hare i sekken var innom garden då ho var gravid.

Barbro har truleg meir enn eitt barneliv på samvitet. Ho har tatt livet av dei for å sleppa å vera bunden til menn.  “Barnet var det bånd som skulle binde kvinnfolkhjelpen til Aksels gård!”, kan ein lesa om svangerskapet som blir skildra i boka. Og vidare: “Hvor tykk Barbro var, hvor bisk, hvor rasende!”

Kvinnene i “Markens grøde” tar altså igjen feil: Dei trur barnemordet skal frigjera dei frå byrder. Men frie blir dei fyrst når dei finn seg til rette med livet i marka.

I rettssaka til Barbro blir lensmannsfrua i byen vesentleg. Ho er av desse som har lese seg opp på ny kunnskap. Argumenta hennar om ugifte kvinner som må bera skamma ved å få barn aleine, rører retten slik at Barbro får gå fri. Men denne frua er kvinnefrigjerande berre til ein viss grad. Då ho etterpå sjølv tar Barbro inn i heimen sin, vaktar ho dyden til tenestejenta si med patriarkalsk iver.

Sjølv utan denne bresten er det liten grunn til å tru at Hamsun sjølv sympatiserer med argumentasjonen til lensmannsfrua. Forfattaren engasjerte seg nemleg sjølv i debatten om barnemord mens han jobba med boka. “Hæng begge Foreldrene, rensk dem ut! Hæng det første Hundrevis af dem, for de er haapløse”, skreiv han om foreldre som var skuldige i barnemord.  

Lektyre for høgreradikale?

Og no til det vanskelege ein ikkje heilt kjem unna når ein les dei seinare verka til Hamsun. Forfattaren var tyskvenleg gjennom heile 1930-talet, og han støtta den tyske okkupasjonen av Norge. I ein nekrolog om Hitler kallar Hamsun den nyleg avdøde for “en Forkynder av Evangeliet om Ret for alle Nasjoner”.

Finn ein kimen til ein komande nazisympatisør i verket? Vel, nokon les i alle fall verket som høgreradikalt nok til at dei finn det verdt å gje ho ut på eit høgreradikalt forlag. Dette blei kjent i haust. Etterkomarane til Hamsun liker det ikkje, men har lite dei skulle ha sagt når verket er så gamalt som det er.

Helten Isak har raudt jernskjegg, og han og Inger er “stygge og altfor frodige”. Hovudkarakterane er dermed ikkje slike ariske idealmenneske som blei teikna i nazipropagandaen.

Men les ein boka på jakt etter spor, kan ein alltids finna trekk som harmonerer med det som seinare blei rådande ideologi i nazistane sitt Tyskland.

For det fyrste, så er rasismen der, retta mot både samar, jødar og mørkhuda. Kan hende var alle døma på denne tida rekna som gjengse talemåtar. Og då kan ein kanskje seia at Hamsun berre tenkte som folk flest. Ja, kanskje det, men forfattarar har jo også den oppgåva å tenka friare enn folk flest.

Ei anna brikke som passar inn hos nazistane, er forherleggjeringa av bonden. “Blod og jord” var blant dei mest brukte slagorda under Hitler. Ideologien kom av ei tru på samanhengen mellom bonden og jorda hans, eller i vidare forstand, mellom folket, områda dei bur, og nasjonen. Walter Darré var sentral i utforminga av den nasjonalsosialistiske forståinga av omgrepet. Han såg bondestanden som livskjelde for den nordiske rasen. Den fastbuande bonden blei sett i kontrast til den nomadiske jøden. Og i dette bildet passar Isak som pioner i eit spirande samfunn godt inn.

Geissler sin tale til Sivert, sonen som skal overta etter Isak, mot slutten av boka er vesentleg om ein skal lesa boka i lys av Hamsun sine seinare mørke sympatiar:

“Dere har alt å leve av, alt å leve for, alt å tro på, dere fødes og frembringer, dere er nødvendige på jorden. Det er ikke alle som er det, men dere er det: nødvendige på jorden. Dere oppholder livet. Fra slekt til slekt er dere i lutter avl, og når dere dør tar den nye avl fatt. Det er dette som menes med det evige liv. Hva har dere igjen for det? En tilværelse i rett og makt, en tilværelse i troskyldig og riktig stilling til alt.”

Altså: Bonden er nødvendig. Men det finst folk også folk som ikkje er nødvendige. Bøndene har rett og makt. Dette kjem frå vandrarskikkelsen, som kanskje er den karakteren som har mest til felles med Hamsun sjølv.

Om sin eigen son seier Geissler: “Min sønn er som lynet som intet er, han er det golde blink, han kan handle. Min sønn han er vår tids type, han tror oppriktig på det tiden har lært ham, på det jøden og yankeen har lært ham; jeg ryster på hodet til det”...

Også kvinnesynet passar inn i idealet under Hitler. Det var uttalt politikk at kvinnene skulle tilbake til heimen, og at oppgåva deira var å føda barn. Som heltinnene Inger og Barbro altså gjer.

Denne romanen kunne fint ha blitt skriven av ein forfattar som aldri blei venleg innstilt til Hitler. Det å hylla bonden i seg sjølv, som ein vesentleg faktor for samfunnsbygging, er ikkje i seg sjølv høgreradikalt. Og at ein velfungerande familie, der kvinne og mann bidrar med sitt, er avgjerande, er heller ikkje ein brennbar påstand.

Markens grøde er utan tvil ein god roman, og har dermed rom for ulike tolkingar. Les sjølv, døm sjølv! Eg kjem sikkert til å vera ueinig med meg sjølv om eg seinare i livet les romanen ein gong til. Og sånn bør det også vera. Svar med to strekar under, høyrer sjeldan heime i tolkinga av stor litteratur.

Kjelder:

Relevante søk på snl.no

Norsk litteraturhistorie av Per Thomas Andersen (2001)

Koble deg på Jorddøgn